Han kan ikkje flyge til fjells meir no, Jo Gjende. No står han på sokkel utanfor Heidal handverkstun.

Laurdag var han avduka, fjellkaren frå Vågå og Heidal.

- Eg vil takke alle som har bidrege til dette, både historielag, næringsdrivane, handverkstundet og sambygdingane, sa initiativtakar Ole Kristian Ødegård.

- For å kunne skjønne samtida vår, må vi kjenne historia. Gjende er ein skikkelse som kan vera med å byggje identitet, og ei slik markering skapar nysgjerrigheit og interesse for Gjende, sa ordførar i Sel, Dag Erik Pryhn.

- Jo Gjende har mykje døl i seg. Han var ein fjellmann, og forvalta fjellets ressurser. Eg håper heile Nord-Gudbrandsdalen blir meir bevisst livsverket til Gjende, som ikkje var redd for diskusjonar og å ta skeia i eiga hand. Han var forut for si tid når det kjem til utmarksforvaltning. Det er mykje døl og mykje framtid i han, sa ordførar i Vågå, Rund Øygard til dei over 100 som hadde møtt fram til avdukinga.

Mot

Statua var først tenkt til å ha tilhaldsstad utanfor hytta til Ødegård. Han hadde spurt Roald Høgberget om han ikkje kunne lage ei statue han kunne ha ved hytta si. Men når Gjende-entusiasten Ødegård såg kor flott statua vart, fann han ut at den måtte delast med resten av Heidal. Dermed vart ein gamal tanke om å få Gjende på sokkel realisert.  No er det Heidal historielag som har teke på seg ansvaret med å sjå etter Jo Gjende, slik at han har det bra og ikkje rømmer til fjells. Ødegård har også gjeve tilbod til skulane i Vågå og Sel, om eit foredrag om fjellmannen Gjende.

- Det som fascinerer meg mest er motet. Både meiningars mot og naturfilosofi og tenking rundt naturen, seier Ødegård.