Dermed var dei med på å setje deltakarrekord i Oppland. 715 skulebarn frå fylket bidrig, gjennom at dei i heile desember skulle gjere små julejobbar for å samle inn pengar til barn som treng det.

- Vi vil takke for den omfattande innsatsen, seier SOS-barnebyar i ei pressemelding.

På landsbasis deltok 48 000 elevar.

- Noko vi set pris på

Dovre skule viste stort engasjementet med heile 69 påmeldte elever. Rektor Åshild Einbu synes det er svært givande å ha ein førjulstradisjon saman med elevane, og ein kalender som med fokus på å gje i staden for å få.

- Omvendt julekalender er både spennande og lærerikt. Gjennom dei små videosnuttane frå andre land, har vi ei fin sjanse til å rette merksemd mot dei ungane som ikkje er like heldige som oss. Elevanes eigne bidrag i form av små julejobbar gjev sjansen til å gjere noko hyggeleg for andre. Dette er noko elevar, lærarar og ikkje minst foreldre har sett stor pris på, sier Einbu.

Takk for innsatsen

I løpet av førjulstida samla elevar over heile landet inn heile 2,4 millionar kroner til støtte for SOS-barnebyars arbeid rundt om i verda. Ein del av dette beløpet er øyremerkt til Filippinene, der behovet for nødhjelp framleis er stort etter tyfonen som ramma landet.

- Julekalendere er ein viktig del av førjulstida for dei fleste barn her i Norge, nokre har kanskje både to og tre slike. Vi synes det er hyggeleg å kunne tilby eit alternativt konsept, der ein retter fokuset mot dei som ikkje er like heldige som oss her i Norge. Vi er svært takknemlege for den flotte innsatsen frå elevane i Oppland, seier Lene Moen Vik, fagansvarleg barnehage og skule i SOS-barnebyer