I tre år har alle lærarar i regionen gått gjennom kursing i mattelyst, for å få rekning inn i alle fag i skulen. Dombås skole markerte at dette prosjektet går mot slutten, med ein fest for heile skulen med pølser og is. Utrekningane var det 4. klasse som hadde hatt ansvar for. Dei fekk brev frå rektor Arild Killi, der det sto at det skulle vere pølsefest for 4. klasse, og førskuleungane som dei er fadderar for. Men å rekne ut prisen måtte dei gjere sjølve.

Ikkje smågodt

Dei vart delt i grupper, og sette opp ønskeliste. Etter å ha sendt lista til rektor vart det nokre endringar.

- Vi ville gjerne ha 50 kilo smågodt. Men det fekk vi ikkje, fortel elevane.

Så gjekk turen på butikken for å sjekke prisar, og her var det mange som fekk seg ei a-ha oppleving. Dei hadde ikkje tenkt over samanhengen mellom pris og vekt, og dei fann ut at nokre butikkar er billigare enn andre. Med liste over prisar gjekk vegen attende til klasserommet, og reknearbeidet.

Nytt reknestykke

Da dei var ferdige kom rektor på nytt besøk. Han hadde funne ut at heile skulen skulle få vere med på pølsefest, ikkje berre dei som først var tenkt.

- Da vart eg litt slik, seier Anna Marie Gråberg Flataunet og viser eit oppgitt ansiktsuttrykk.

Men i følgje lærar Ingrid Aalbu Sønstebø tok det ikkje lange ria før dei var i gang med rekninga att. Når dei først hadde rekna ut til 40 personar, var det lett å auke talet.

Elevane i 4. klasse er einige om at dette er slik rekning dei kan få bruk for seinare, og at matte er meir enn det som står i matteboka.

- Også fekk vi noko å glede oss til, seier Live Hagevold.

2527 kroner kom rekninga på festen for.

Vellukka

Killi meiner mattelystprosjektet har vore vellukka, og at lærarane har fått ein heilt annan tilnærming til det å undervise i matematikk.

- Vi fokuserer på problemløysing, og innfører dei riktige begrepa tidleg, seier rektoren.

Han seier dette er ein fordel seinare i skuleløpet, og kan hjelpe til med å halde interessa for mattefaget oppe. Killi trur problemløysing er ein god måte å lære matte på.

- Her er det elevane sjølve som må finne måten dei vil løyse oppgåvene på, dei blir nødd til å tenkje, seier Killi.

Elevane i 4.klasse hadde rekna ut kva rekninga på festen kom til å bli. Framme frå venstre: Eivor Rusten Bergdomås, Live Hagevold, Wiktoria Palubicka, Kaia Rise, Yaser Hosseini, Michal Hauzer, Markus Kristiansen, Bak frå venstre: Ola Brenna, Sabruna Sid Osman, Christian Kleveland, Sondre Stokke-Øyen, Emilie Kleveland, Anna Marie Gråberg Flataunet, Oumou Hawa Diallo Heilt bakerst: Erland Holseth Rykhus og Martin Mølmen Bentdal.
Angelica, Embla og Yasin synes det var stas med servering på skulen.