Arrangørane Dovre asylmottak og diakonutvalet i Dovre hadde sist fredag sett saman ein kveld der kulturar som for dei fleste av oss er ukjende, skulle få ei moglegheit til å syne fram kvar dei kjem frå. Og det er vi ikkje er vande med her.

Frå Dovre asylmottak kom folk frå mellom anna Somalia, Iran, Eritrea og Jemen.

Nokre har vore her i lengre tid, medan andre har kome i løpet av dei siste månedane.

Matkos

Inger Gravem frå diakonutvalet og Oddrun Graffer frå asylmottaket stod for tale før maten, tolka av Somalieren Mohamed Daqhne.

Folka frå asylmottaket hadde diska opp med sine eigne tradisjonelle matrettar. Noko uvanleg mot kva vi er vande med. Ikkje kjøtkaker i brun saus, dette. Iranaren Mehrdad Movahedi var meir enn viljug til å forklare om rettane sine Lobya Polo og Adas Polo for å nevne nokre. Tome fat vart fylte, og både liten og stor kosa seg.

Leik og dans

Frå dei innfødte dovringane var det positive attendemeldingar å høyre.

- Eg tykkjer det er eit godt tiltak. Både artig og spennande at vi får lære litt om deira kultur, seier Reidun Jøndal (63).

Tre av jentene synte fram eit par dansar dei sjølve har sett saman koreografien til.

Under kaffekoppen etter maten vart det moglegheit for dei aller minste å innta scena for å leike seg, eller dei kunne leike i ein eigen leikekrok som var stelt til for alle ungane. Ein kveld for alle aldrar og kulturar.

Etter underhaldninga kunne dei minste også danse på scena. Jentene bakerst i biletet synte fram eit par sjølkoreograferte hip-hop dansar. Foto: Lokalavisa Vigga
Alle kosa seg med maten som folk frå asylmottaket hadde diska opp med, både stor og liten. Foto: Lokalavisa Vigga
Iraneren Mehrdad Movahedi (t.h) fortalte gjerne om rettane sine til Pål Rindal (26) og Reidun Jøndal (63). Lille Thea Andrine på 9 måneder kosa seg også med maten. Foto: Lokalavisa Vigga
Iraneren Mehrdad Movahedi (t.h) fortalte gjerne om rettane sine til Pål Rindal (26) og Reidun Jøndal (63). Lille Thea Andrine på 9 mnd koste seg også med maten. Foto: Lokalavisa Vigga
(Fr.v) Inger Gravem og Oddrun Graffer heldt velkomsttale før maten vert servert. Somalieren Mohamed Daqhne var tolk, for dei som ikkje var så stødige i norsk. Foto: Lokalavisa Vigga