Med seks stemmer for og fire i mot, vart det fleirtal i styret for å bygge eit nytt hovudsjukehus i Moelv. Dette melder GD, som var til stades på styremøte på Hamar torsdag.

Alternativet til nytt mjøssjukehus var å bygge nytt på Hamar og bygge vidare på strukturen som er i dag.

Med nytt sjukehus på Moelv vil det bli fortsatt sjukehusdrift på Lillehammer, Elverum og Tynset, medan Gjøvik, Hamar, Reinsvoll og Sanderud blir lagt ned.

Debatten i styret vara i to og ein halv time, men det kom tidleg fram at det var fleirtal for å administrasjonen sitt forslag om eit mjøssjukehus. Likevel var det fleire i styret som meinte at det riktige ville vere å utsette saka, for å gjere ytterlegare utgreiingar, i følge GD.

Nå blir saka sendt vidare til Helse- og omsorgsdepartementet, der det blir gjort endeleg vedtak.

Det er ikkje bestemt noko om når dei vil avgjere saka, og heller ikkje når bygging av eit eventuelt nytt sjukehus kan ta til.