Då Lars Sæther (50) var på topptur til Gråhøe i Lesja, øydela han skiltet «Mølmshøe 2014 moh» på toppen.

Den utflytte lesjaskogingen har vore på toppen av høa fleire gongar. Siste gongen var i juli, og då gjorde han stutt prosess på skiltet, som tidligare har vore omtala i Vigga. Kven som har hatt opp skiferskiltet er enno ukjend, og det har vore diskusjon kring namnet på høa.

– Uting med nye namn

Sæther var på tur med sonen sin, og var klar over skiltet før turen.

– For meg er det heilt uhøyrt å prøve å «stele» eit namn på denne måten. Eg var fast bestemt på å ta ned skiltet, seier Lars.

Om det hadde stått «Lyfthøe» eller «Gråhøe» på skiltet, hadde ikkje Lars brydd seg med det.

– Eg syns det er ein uting at folk prøver å lage nye namn på toppar slik, seier han.

Han øydela skiltet, og la det att på toppen av høa.

Same ærend

På veg attende til Lordalen etter toppturen, møtte han ein kar som var ute i same ærend.

– Han hadde vore der fleire gonger før, og var meint til topps dagen etter for å fjerne skiltet.Han nevetakka da eg fortalde at vi alt hadde gjort det.

Mannen Lars møtte, kalla høa for Lyfthøe.

– Han sa at dei gamle fjellkarane på Lesjaskog brukte dette namnet. Han meinte at skjåkverane kalla den Gråhøe, fortel Lars.

Mølmshylla

Arvid Mølmen frå Lesjaskog, som er godt kjend i fjellområdet Gråhøe ligg i, sa i intervju med Vigga torsdag, at han meiner heile platået der både Gråhøe og Storbrean ligg, er ein del av Løyfthøin. Arvid var ikkje kjend med «Mølmshøe»-namnet, men har ei historie som kanskje kan forklare noko kring namnet.

– Ein gong på 90-talat møtte eg på fjelloppsynsmann Olav Karlsen inne i Grønbua. Då kom vi i prat om dette. Karlsen sa at det var ein stad i Gråhøe som hadde fått tilnamnet Mølmen hylle, sidan fjellmannen Øystein Mølmen ofte såg rein der, seier Arvid.

Les meir om Gråhøe:

Vil sette namn på "2014"

Namneforvirring

Området i Reinheimen der høe ligg. (Skjermdump ut.no) Foto: Lokalavisa Vigga
Arvid Mølmen meiner høe heiter Gråhø. (Foto: Astrid Kvam Helset) Foto: Lokalavisa Vigga
Lars Sæther fjerna skiltet med Mølmshøe, på høe som er mest kjend som Gråhøe. Foto: Lokalavisa Vigga