Mange vart fortusta da førstemann braut mållina på motbakkeløpet Tussheim Upp. Alle hadde forventa ein av ungdomane

først. Han som vann var retteleg ung, berre ti år. Han overraska alle, inkludert seg sjølv, Bendik Sneve.

Men kva tenkte han egentleg sjølv da han var på toppen?

– Eg veit ikkje om eg tenkte så mykjy, eg tenkte ikkje over at eg vann. Men eg vart glad, da. Og så vart eg kjei, seier Bendik.

Tussheim Upp, er eit 3,6 kilometer langt motbakkeløp med 460 høgdemeter frå Lesja sentrum til Tussheim.

Les meir om løpet i papirutgava.

Bendik Sneve kan heve armane for seieren på Tussheim Upp i helga. Foto: Lokalavisa Vigga