På vestsida er det gjeve utviding av tidlegare løyve på Vågåsida, med bakgrunn i kadaverfunn, i følge brev frå Fylkesmannen i Oppland. Løyve vart gjeve for Vågå og Lom 2. august, og er utvida med verknad frå 6. august. Det kommunale fellingslaget er sett i sving.

Uroleg sau

Det andre er gjeve aust for Lågen i beiteområda til Skogseter og Bergsgrende beitelag, mot Sel grense og Grimsdalsvegen, fortel landbrukskontoret i Dovre. Der er det registrert svært urolege saueflokkar og manglande lam.

- Vi har enno berre fått munnleg løyva for området aust for Lågen, og det er på bakgrunn av funn frå førre veke. Normalt er såpass gamle funn ikkje nok tilfellingsløyve, slik at Fylkesmannen var i tvil. Det som vart avgjerande var stor uro i saueflokkane i området, og at lammetala ikkje stemmer, slik at det manglar lam, seier landbrukssjef Ellen Syse i Dovre.

Landbrukssjefen fortel at det har vore mykje uro i området i sommar, og det var tidlegare også gjeve fellingsløyve på ulv etter skader. Fellingsforsøket gav ikkje resultat.