Kven av tilbydarane som får totalentreprisa på brannstasjonen, vil ikkje bli klart før kommunestyra i Lesja og Dovre har handsama saka i sine møte, Lesja 4. september og Dovre 8. september. Det er Abakus AS som på vegne av kommunane har gjennomført tilbodsforhandlingane. Ola Næsheim hjå Abakus bekreftar at det er meir enn to tilbydarar på prosjektet. Detaljar om anbodssum og kven som er tilbydarar er unnateke offentlegheita til kommunestyra har gjort sine vedtak.

Skissa er på ei hovudbygning med 604 kvadratmeter bruttoareal.  Den inkluderer vaskehall, tre kontorplassar, dame- og herregarderobar, vognhall med tre portar og fellesareal med tanke på blant anna kurs og undervisning.

I saksutredninga er bygget omtala som eit tilnærma ferdig nøkkelbygg, med løysningar for reservekraft, adgangskontroll, krisehåndtering, vannbåren varme, fin- og grovgarderobe, vaskemaskiner for sambruk med Lesjaskog brannstasjon og meir.

Arbeidet med planene for ny brannstasjon starta med ei arbeidsgruppe i 2012, som utarbeidde ein forstudie for ein framtidig ny brannstasjon på Dombås. På det fyrste felles kommunestyremøtet for Lesja og Dovre i august 2013 vart det samrøystes vedteke å bygge ny brannstasjon. Anbodsrunda vart opna i april i år, og avslutta i august etter to forhandlingar med tilbydarar.

Sjå skissane her (klikk for større bilete) :