Torsdag ettermiddag var formannskapet samla for å drøfte kva kommunen kan bidra med for å leggje til rette for framhald i Minera si drift på Otta.

I eit brev til kommunen rett før jul, i følgje postlistene 22. desember, ber Minera i generelle vendingar om bistand i form av tilrettelegging frå kommunen i samband med ei mogleg etablering i Øya-området, i følge ordførar Dag Erik Pryhn.