Fallande nysnø og blafrande faklar sette stemninga for alle dei om lag 130-150 tilhøyrarane som kom.

- Dette er ei helsing til det nye året, med von om at det skal bli betre enn det førre, seier dirigent Arne Ottar Ødegård Dombås.

Årvisst

Dombås Musikkforening starta fyrste bolken med skikkeleg nyttårskonsertstoff i Joy to the World, så kom eit operastykke av Offenbach og til slutt Gammel Fäbossalm med Martin Berg som solist.

Det står respekt av ei musikkforening med så breitt repertoar at dei kan ta på seg såpass klassisk ham med slik bravur, samstundes som dei no går mot vår og friske Sousa-marsjar.

Nyttårskonserten er ei årleg hending som Dombås Musikkforening og Dovrefjell Disharmoniske Selskab (DSS) byter på å arrangera. I år var det musikkforeininga sin tur.

Etter fyrste bolken overlet musikkforeninga podiet til Dovrefjell Disharmoniske Selskab, og særleg den spretne svenske folketonen I himmelen, i himmelen kledde koret godt. Disharmonien var i allefall fråverande. Fem nummer frå dette flotte koret vart det, og avslutninga var Irish Blessing(May the Road Rise to Meet You) – heilt nydeleg.

Akkordeon

- Trekkspel i kyrkja, det er ikkje kvar dag, meinte Arne Johnson, som saman med kona Yuliya var gjestespelarar på konserten laurdag. Med ei familieauke i heimen hadde det ikkje vorte tid til å øve i lag, så ekteparet frå Rauma spela kvar for seg

Men båe synte til gangs at akkordeon høyrer heime i ein nyttårskonsert, kyrkje eller ikkje.

Arne Johnson framførde fyrst bruremarsjen Selsbrure av Magne Bø, i eit arrangement som var ulikt det ein hadde høyrd frå før. Etterpå fann han kyrkjetonen skikkeleg med tilnærma orgelbrus i eit hymne av Nils Larsen.

- Trekkspelet er eigentleg ei lita utgåve av orgelet oppå veggen der, konstaterte han.

Yuliya Johnson tok fram sine musikalske røter då ho framførde tre nydelege russiske melodiar, mellom anna ein melankolsk filmmelodi.

I avslutningsnummeret fekk publikum nyte eit fingerarbeid utanom det vanlege, og Yuliya Johnson fekk velfortent trampeklapp.

Noko saman?

Sjarmøretappen tok arrangøren sjølv laurdag, med fire klassiske nummer. Fantastiske Slavekoret av Verdi var med, men der vonar vi at musikkforeninga tek med DDS til eit fellesnummer neste gong. Det såg ut til at dei nynna med frå tilskodarplassen, til og medDet kan bli fantastisk.

Siste nummeret var Memory av Rob Ares, og her var Ingolf Lindsøe solist til etterfølgande trampeklapp. Publikum reiste seg til slutt for ein konsert som fortente å bli vald framfor både fotballoppgjer og grand prix laurdag, og song med til Deilig er Jorden.

Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga