Plassen heiter Bålplassen, og det er hverken himmeltur, steinrøys eller sveltihjel. Her er det mogleg for ein kvar å koma, og det er også meininga. Det er tilrettelagt med ein god gangveg frå parkeringa, og det er snaue 200 meter å rusle til gapahuken som har rom for mange.

Tysdag vart gapahuken høgtideleg opna med snorklypp, kanonsalutt og trompetsolo.

Bygd på dugnad

Det var Ola Jon Angard sin idé, men det er mange som har bidrege til å gjera Bålplassen komplett. Material og torv er donert. Ola Jon rosar grunneigaren Trygve Hovde som har gjort mesteparten av arbeidet, og Ragnar Hovde som også har vore med. Hjerleid har levert tømmerkassa til gapahuken.

– Dette er gjort for grenda, og det er fleire som har gjeve bidrag, seier Trygve takksam.

Arbeidet med gapahuken starta i midten av juli i år. Til og med utedass er det sett opp ved den innbydande plassen.

For alle

Gapahuken Utsikten vart sett opp eit stykkje ovanfor Bålplassen i fjor, og er allereie eit populært turmål. No håpar gjengen bak Bålplassen at staden blir brukt.

– Hensikta er at alle som har lyst på ein liten tur kan bruke den, står det innleiingsvis i hytteboka.

Sambygding Sæmund Vigenstad rosa tiltaket, og kom med helsing til Trygve frå seg sjølv og kona Liv.