Oppland og Hedmark er dei store stølsfylka i landet, med nærare 60 prosent av seterstølane i drift. Fylkesmannen arbeider saman med HANEN – næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske, Norsk Seterkultur og Fylkesmannen i Hedmark med ein forstudie av korleis ein kan gjera stølsopplevingane i Noreg meir synlege.

Studien skal gje svar på om det er mogleg å opprette eit nasjonalt nettverk for opplevingar på stølar, og blir gjennomført i vår. Kommunikasjonsbyrået DMT Alvdal er engasjert som prosjektleiar, og prosjektet har fått kr 100.000 over Innovasjon Norges utviklingsprogram for lokalmat og grønt reiseliv.