Etter 18 år som lærar på Dombås spelte kaptein Simen Rudin (1898-1990) ei sentral rolle dei første dagane etter krigsutbrotet 9. april 1940. Takka vere den militære motstanden i Dovre, slapp kong Haakon, kronprins Olav og regjeringa Nygaardsvold unna tyskarane. Det gjorde også toget med Norge si gullbehaldning på 48,8 tonn. Men før tyskarane kapitulerte på Lindsø 19. april, fekk forsyningsminister Trygve Lie eit lynkurs i krigføring. Lærar: Simen Rudin!
Rakrygga, rettferdig og framsynt