- Her på karrieresenteret har vi hatt fokus på viktigheita av utdanning for vaksne i mange år. No fokuserer vi på karfag på vidaregåande-nivå, spesielt sauma for tilsette i bilbransja, seier rettleiarane Grete Lilleseter og Bård Atle Fuglum.

Nye krav til kompetanse

- Bilbransja er eksempel på ein plass der mange har starta rett frå skulebenken, og så har det vore så som så med vidareutdanninga, seier Fuglum.

Dei tradisjonelle kvinnearbeidstakarane har vore lettare å få på kurs.

- Det er oftast kvinner i det offentlege som har hatt lettast for å søkje seg til kurs her. I det offentlege er det ofte kompetanseplaner og krav til kompetanse, men dette er noko vi også ser kjem i andre bransjer, for eksempel i bilbransja, seier Lilleseter.

Difor vil dei no rette seg mot målgruppa karar spesielt.

Med seg har dei allereie tre bilverkstader der medarbeidarar er klare for å ta fagbrev.

- Dette løpet er for folk med lang fartstid i eit fag, men utan formell kompetanse i form av eit fagbrev. Med fagbrev står ein sterkare i høve til kompetanse, men og som arbeidstakar, seier Lilleseter og Fuglum.

Nå køyrer dei ei kampanje der dei går direkte på aktuelle målgrupper.

- Fleire verksemder kjem til å få telefon frå oss i nær framtid, lovar dei.

Står sterkare

Ein av dei som allereie har nytta tilbodet på karrieresenteret Opus, er Stein Rune Holen. Han er på full fart mot fagbrev. Selværen har køyrd lastebil og gravemaskin i bortimot 30 år, men har ikkje hatt noko fagbrev.

Då han fekk vikariat i uteavdelinga hjå Sel kommune fann han ut at det var ein jobb han likte.

- Det er godt å koma heim kvar dag, etter fleire år med pendling. I kommunen har eg transport av materiell, grus, driv med veglapping og anna. Sjølsagt er også løna ein viktig årsak til å ta fagbrev, den vil gå opp også om eg får jobb annan stad. Og i kommunen får eg ikkje fast jobb utan eit fagbrev som er relevant for jobben, fortel han.

Rask veg til fagbrev

Løpet gjekk fort då Holen og ein annan meldte seg opp.

- Vi starta med teorien i september i fjor, og hadde eksamen i desember. No skal eg snart opp til praktisk prøve i yrkessjåførfaget. Og eg må få skryte av faglærar Morten Plassen, som laga eit supert opplegg, seier Holen.

Teorien gjekk ut på planlegging av ein tur med vekt på tryggleik, økonomi og andre faktorar. Den endelege fagprøva skal vera som ein vanleg tur med lastebil. Og denne har han fått høve til å ta hjå Transferd med dagleg leiar Vidar Lien.

- Eg har jobba her før, og eg er svært takksam for at eg får koma hit og ta fagprøva, seier Holen.

Han har bak seg ein prøvetur same dag vi pratar med han, og skal ha ein til før prøva.

- To sensorar skal vera med meg gjennom prøva. Eg har allereie levert skriftleg plan for dagen. Prøva startar med sjekk av bil, opplasting og kontroll av gods, kontakt med kundar og kundehandsaming og alt anna som høyrer til, fortel han.

Så står berre dommen frå sensorane att, før Stein Rune Holen kan skilte med fagbrev.

Rettleiarane Grete Lilleseter og Bård Atle Fuglum på Karrieresenteret Opus Nord-Gudbrandsdal vil få fleire karar på skulebenken, og set inn trykket mot ufaglærte i bilbransja. Foto: Lokalavisa Vigga
Stein Rune Holen er klar for fagprøve i desse dagar, og står då sterkare på arbeidsmarknaden. Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga