Måndag 3. september møter lesjaordførar Steinar Tronhus med følgje miljøvernminister Bård Vegar Solhjell med sterke ord frå Lesja. Dei krev anna tolking av Rovviltforliket.

Leiar av Rovviltnemnda i Oppland, Ivar Odnes, beitelagssekretær Kari Selsjord, skadefellingslagsleiar Tore Heimli og medlemmar av rovviltnemnda blir med Tronhus til Oslo. Tap av 63 individ til ulv i sommar har gjort Lesja til eit katastrofeområde for beitedyr.

Demokratisk problem

På dialogmøtet Rovviltnemnda inviterte til på Lesja torsdag førre veka, var det stor fortviling over at rovviltforliket frå i fjor ikkje hadde forandra på praksis med omsyn til felling av rovdyr i beiteprioriterte område som Lesja.

Ordførar Tronhus kom med klare ord.

- Det er eit demokratisk problem at embetsverket, i dette tilfellet rovdyrforvaltninga, skal køyre sitt løp fritt frå politiske føringar og vedtak, sa han på møtet.

Klåre ord kom også frå fleire, mellom anna medlem av Rovviltnemda i Oppland, Ragnar Nordgreen.

- Eg set spørsmål ved forvaltningsansvaret Noreg har for ulv. Den norske ulvestamma er prega av innavl, og vi bør ha ei juridisk avklaring på forvaltningsansvaret for ulv, fyrst då kan vi ha ein politisk ulvedebatt, sa han, og hausta applaus frå lesjingane i salen.

- Tolkar ikkje

Knut Morten Vangen, seniorrådgjevar i DN, møtte på vegne av direktoratet til dialogmøtet. Vangen presenterte utfordringane i forvaltninga av dei totalfreda rovdyra.

- Det er ei todelt målsetting i forvaltninga av dei freda artane, ein skal ha både rovvilt og beitebruk i utmark. Det har vore eit prinsipp sidan den fyrste stortingsmeldinga om rovdyr kom på nittitalet. Det er krevjande med båe delar. Eitt grep er geografisk differensiert forvaltning, gjennom prioriterte beiteområde og prioriterte rovviltområde, seier han.

Vangen seier vidare at det kjem til å koma nye bestandsmål i Noreg etter at ei avtale med Sverige, som nett no går igjennom sin rovdyrpolitikk, er i havn, seinast i løpet av neste år.

- Norsk ulveforvaltning er meir avhengig av Sverige enn av korleis vi sjølve innrettar forvaltninga vår. Her ser vi stort sett utvandra unge svenske ulvar, seier han.

Vangen forsvarar avslaga Lesja fekk i vår.

- Vi i DN tolkar ikkje forlikstekster, vi får våre styringsdokument frå departementet, og ber dei om presiseringar. Vi har mellom anna fått presiseringar om at bjørn og ulv som oppheld seg ein stad ikkje skal gje grunnlag for fellingsløyve. Kvart tilfelle skal vurderast, mellom anna om det har vore skader der før, seier han.

Mattilsynet ristar på hovudet

Distriktssjef for Mattilsynet i Gudbrandsdalen, Øivind Gaden var ikkje nådig i sin kritikk av Direktoratet for Naturforvaltning (DN), som gav to avslag på fellingsløyve, med to ulvar i sikre observasjonar på Lesja over lengre tid.

- Eg ristar på hovudet av brev som er kome frå DN, og eg veit at sakshandsamaren sit i salen, seier han, og snur seg mot Vangen.

Brev han syner til er avslag på felling av ulvane som SNO hadde sikre observasjonar av på Lesja i mai.Gaden presiserer seinare i telefon til Vigga at erfaringane med ulv i Gudbrandsdalen, i saker Mattilsynet har hatt dei siste fem åra, syner at det er ekstrem stor fare for skade med ulv i beite så rett før sesong. Gaden meiner året i år er ein prøveklut for korleis Rovviltforliket frå i fjor verkar.

- Det er andre delar av rovviltforliket enn dyrevelferd som er lagt vekt på. Vi må seie frå at vi ikkje er samde i slik praksis. Dyrevelferden er ikkje godt nok ivareteke, seier Gaden.

Lesjaordføraren møter i dag statsråden med krav om anna praksis i rovviltforvaltninga. Foto: Lokalavisa Vigga