Tysdag ved ellevetida var rovviltkontakt Asgeir Myhrmoen på veg for å sjekke om ein kan rekkje spora til det som kan vera ein ulv over E6 på Dovrefjell. Då hadde han registrert moglege ulvespor ved skiløypene på skistadion på Dombås. Lengd på steget og storleik på spor tydar på at gråbein er på farten.

Lange steg

- Det er steglengder på 120 til 150 centimeter i slak oppoverbakke. Hundar vil ikkje gå på denne måten, så målretta, men søkje meir og snuse rundt. Ei sporløype over så lang retning, om det no viser seg at E6 er kryssa, tyder på ulv, seier han.

No blir alle leietrådar samla, for ein konklusjon blir teke av Statens Naturoppsyn (SNO). Myhrmoen jobbar i slike tilfelle på oppdrag for SNO som rovviltkontakt, som kjøper tenesta frå Fjellstyret.

Kritisk med tid

- Vi fekk inn ein observasjon i dag tidleg om ein ulv på E6. Dei som såg han fortel at ulven då for langs autovernet, men at han stakk opp i skogen att. No skal vi sjekke om han har kryssa vegen lengre opp, for då kan han vera på tur mot Lesja.

Også måndag kveld skal det vera registrert ulv, då i Grimsdalen, men dette fekk ikkje rovviltkontakta greie på før tysdag morgon.

- Då kunne eg fått spora med ein gong i går kveld. Det er så viktig at vi får melding med ein gong nokon ser noko, berre ring til meg direkte, eller send ei melding om eg er utanfor dekning. Særleg på vårsnø er det viktig, no smeltar spora minutt for minutt, er seier Myhrmoen.

Rovviltkontakta på Lesja er varsla for å vera på vakt.

Onsdag klokka ni var ingen observasjonar frå Lesja kome inn til naturoppsyn i SNO, Mogens Lorenzen.

Ungdomsopprør

Lorentzen fortel at slike sporingar er vanleg no på denne tida.

- Dette er ein vi har følgd sporet til frå Ringebu, inn i Nord-Fron, og over statsalmenninga i Dovre, fortel han.

Frå der har ulven freista å koma seg over E6, men snudde og tok nokre runder oppe ved skistadion på Dombås. Det er spor her Vigga har bilete av.

- Den ville nok freiste å finne ei anna lei då den ikkje kom seg over E6. Vi har registrert den heile vegen som antatt ulv, fordi vi ser den har avvik der det er menneskelege installasjonar, som gjerde, veg, hytter. Antatt ulv er det næraste nivået før sikker stadfesting, fortel Lorenzen.

Unge ulvar legg på denne tida ut på langtur, anten av eigen vilje eller fordi dei er kasta ut av flokken.

- Om dei finn seg eit område eller seinare dreg attende til flokken er ikkje godt å seie, dei store rovdyra ter seg individuelt, seier Lorenzen, som meiner ulven truleg har tenkt seg lengre enn til Lesja.

Observasjon i Grimsdalen måndag kveld og retninga sporet har ved skistadion på Dombås tyder på at ulven vil til Lesja. Rovviltkontakt Asgeir Myhrmoen sjekkar tysdag om ulven har kryssa E6. Foto: Lokalavisa Vigga
Er dette ulvespor? Foto: Lokalavisa Vigga
Rovviltkontakt Asgeir Myhrmoen syner fram dei temmeleg store spora etter det dei trur kan vera ein ulv som rekkjer. Foto: Lokalavisa Vigga