Fokstugu er ein gardane i ­Noreg med høgast plassering over havet. På rundt 980 meter over havnivået, og på grensa til permafrost, byr klimaet på Dovrefjell på fleire utfordringar når det kjem til gardsdrift.

Hektisk tidLemminga er for mange sauebønder den mest hektiske tida, noko Erlend Aalbu Fokstugu og Laurits Fokstugu kan skrive under på. Det er først og fremst Erlend som driv garden, som han tok over etter faren sin tidlegare i år.

Arbeidet inneberer seine kveldar og lange netter med kontinuerleg oppsyn. Hovudlemminga varar i tre veker, og alt er som regel ferdig i løpet av ein månad. I skrivande stund er omtrent to tredje­delar av lemminga på Fokstugu gjennomført.

Dei to bøndene, med ekstrahjelp, følgjer stadig med på lemminga. Sjølv om det i stor grad går greitt med naturleg fødsel, må dei ofte hjelpe til om lamma ligg feil.

– Om det er fleire på ein gong blir det trongare, og større sjanse for at lamma ligg i feil stilling under fødselen, fortel Erlend.

Dei må ofte sørge for at lamma ligg rett inni magen, da dei skal komme ut med framføtene under haka. Ofte kjem dei med berre hovudet først, og da må ein finne fram beina og dra dei fram.

Jobb på heiltidÅ vere sauebonde er ein veldig sesongprega jobb, og det er ikkje noko ein berre kan ta ferie frå, kan Laurits bekrefte.

Det er ikkje berre å sleppe sauane ut på beite. Jobben krevjar at du følgjer med på kvar enkelt dyr. På Fokstugu har dei alltid 250 sauar om gongen, som i snitt tilsvarer omtrent 500 fødslar kvart år.

Dagens jordbruk er tufta på produksjonsmål, og kvar sau skal produsere ei viss mengde ull og kjøtt. Det er derfor viktig at kvar enkelt får i seg nok og rett næring for å oppfylle krava. Laurits vil påstå at dyrevelferda i landet er bra, og at Noreg har eit etisk forsvarleg landbruk. Han set også pris på landbrukspolitikken her i landet, som gjer dette mogleg.

– Det er ingen billig produksjon, men mogleg på grunn av politikken, fortel han.

Sidan våren kjem seinare på høgfjellet enn nede i dalen går dette naturlegvis utover beitesesongen, som i tillegg er særs kortvarig. Dette påverkar igjen lemminga, da det er ideelt at dyra skal ut på beite to veker etter fødselen. Plasseringa er likevel ikkje noko å klage på, der dei ligg omringa av snødekte fjellandskap, noko Erlend absolutt liker.

Ny storbondeErlend tok over garden i januar i år, men har allereie mykje erfaring som bonde, da han har vore med på mykje av gardsdrifta som fast tilsett i fleire år. Etter nesten 40 år som sauebonde har ikkje faren mista lysten enno. Han er enno med på gardsdrifta, og seier han alltid vil være med så lenge lysta og helsa er til stades. Han føler seg svært privilegert som har nokon som har lyst til å drive garden vidare, og håper barnebarnet Syver vil føre tradisjonen vidare.

– Det er absolutt noko ein må like, for å drive med det.Det er ein livsstil, der naturforhold og dyr styrer rytmen, fortel han.

20 000 lamForeldra til Laurits, Marit Solberg og Rolf Sønstebø tok over garden i 1951, same året som Laurits blei født, og begynte for alvor med sau i 1975. Med omtrent 500 fødslar i året, fordelt på over 40 år, har Laurits rekna seg fram til at han har vore med på om lag ­20 000 fødslar.

Erlend Aalbu Fokstugu sørger for at lammet ligg rett når det er på veg ut.
Når lammet ligg rett går fødselen av seg sjølv.
Laurits og Syver beundrar det nyfødte lammet.