Den tilrådde omorganiseringa skapar sinne og frustrasjon. Leiinga for LMS får hard kritikk.

- Vi har ikkje vore informert eller inkludert undervegs, no er det nok, seier jordmødrene i 6K, og sender brev til kommunalsjefane i sine respektive kommunar.

Den tilrådde organiseringsmodellen kom fram under presentasjonen av evalueringsarbeidet gjort av helsesamarbeidet i regionen, og kom jordmødrene for øyre i løpet av helga.

- Kritikkverdig leiarskap

No har dei fått nok av det dei karakteriserer som kritikkverdig leiarskap, ekskludering frå viktige prosessar og at dei ikkje er teke med på råd.

- Vi vil ikkje vera eit smykke lokalmedisinsk senter kan syne fram som godt fungerande når det passar, utan at vi også er inkludert og lytta til som fagpersonar i høve til tenesta vi utfører, seier jordmødrene Mariann Søberg, Kristine Lie og Anne Marie Berstad, i møte med Vigga tysdag.

Saman med Henny Skarphol og Ellen Olasveen har dei utforma brevet som vart sendt tysdag.

Skarpt brev

I brevet er kritikken, særleg mot leiar av Lokalmedisinsk senter (LMS) krass.

Leiaren ved senteret blir skulda for å ikkje ta jordmødrene med på råd, ikkje svare på epostar, at vedtak er gjort utan at jordmortenesta er informert, og at jordmødrene ikkje er teke med i råd og utval innanfor LMS.

- Det er eit leiarskap som ikkje er godt, seier Kristine Lie, jordmor i Dovre. Ho får følgje av Henny Skarphol, jordmor i Lesja.

- Leiing er viktig for å oppnå gode resultat, ein treng inkludering og medverknad av dei tilsette, og ein treng å sette av tid saman til å jobbe fram løysingar, seier Skarphol, og meiner leiinga av LMS har ein lang veg å gå.

- Vi sit med ei kjensle av at vi er her for å kjempe for tenesta, i staden for å yte tenesta, seier Mariann Søberg, jordmor i Sel.

Fagleg utvalg for legane

Rådmannsutvalet (RU) får også kritikk i brevet. I RU-møte 20. mars, var saka om regionalt helsesamarbeid drøfta. Når det gjeld utfordringa i høve til legevakt (sjå sak side 4), blir ei arbeidsgruppe med kommunelegane og tillitsvalde legar sett ned. I sak om jordmortenesta ber RU dagleg leiar ved LMS utarbeide vedtaksgrunnlag i tråd med evalueringa frå 6K helse, til 25. april.

- Kvifor er vi ikkje med i prosessen, slik som legane, spør jordmødrene. Dei lurar på om dei for å bli høyrd må true med å slutte.

Jordmødrene seier dei ikkje er i mot å evaluera tenesta, men etterlyser større faglegheit, og at deira fagområde blir verdsett som viktig undervegs, og i etterkant av evalueringar.

- Det er skuffande for oss at ingen spør kva for teneste det er dei vil flytte, seier Ellen Olasveen, jordmor i Lom.

- Feigheit frå kommunalt hald

Etter at evalueringsarbeidet til 6K var avslutta i fjor, hadde jordmødrene møte med to av kommunalsjefane i 6K. Dei tykte dei fekk formidla sine tankar om organisering av jordmødrene og korleis tenesta kan vera best mogleg både for dei som jobbar der, og ikkje minst brukarane av tenesta. Dei kom også med sterk kritikk av leiinga ved dette høvet. Dette skulle bli teke med vidare opp til resten av 6K og høgare i systemet av kommunalsjefane. Dei lurar no på om desse signala vart med vidare.

- Eg er skuffa over at ikkje noko er gjort. Eg meiner det er feigheit frå leiinga i kommunane at det ikkje er teke tak i, seier Skarphol.

Ho spør om leiinga skal bli evaluert, og meiner det er naturleg å også gjera slik arbeid oppover i organisasjonsstrukturen.

Ingen kommentar

Vigdis Rotlid Vestad vil ikkje kommentere kritikken av hennar leiarskap ved LMS.

- Eg orienterer rådmannen (i Sel, red. mrk.) fortløpande om korleis LMS blir drive, seier ho.

Ho stiller seg uforståande til at det er ei omorganisering på gang, og kommenterer ikkje grunnen til at resultatet av evalueringane om helsesamarbeidet ikkje har kome jordmortenesta for øyre, før dei les om det i media.

- Som andre faggrupper

Jordmødrene etterlyser faglegheit i prosessen.

- Jordmødrene, i likheit med alle avdelingar og faggrupper ved NGLMS, har vore gjennom prosessar for å sjå på moglege innsparingar kommunane påla dei i 2013, seier Vestad.

- For jordmødrene handla i denne omgangen mest om å få til ei rimelegare ferieavvikling enn tidlegare. I denne sparepakka låg også at følgeteneste vart finansiert av Sykehuset Innlandet, noko som letta den totale reduksjonen vi var pålagde med 600 000, seier ho.

Vestad meiner ein må sjå prosessar i samband med budsjett i 2013 og evaluering av NGLMS i samanheng.

Ny vertskommuneavtale

- I den samanhengen er eg ikkje kjent med at andre faggrupper har hatt fleire møte med 6K-helse, leiinga i Sel, LMS og SI enn jordmødrene, seier Vestad. Ho peikar på at dei har vore involvert i evaluering frå Agenda Kaupang, samt at 6K-helse har hatt møte med dei, både med og utan Vestad til stades.

I følge Vestad bestilte RU ei tilråding frå 6K-helse ut i frå den totale evalueringa, denne vart levert rett før jul i fjor. RU skal utarbeide grunnlaget for ei revidering og godkjenning av vertskommuneavtala for vidare drift av helsesamarbeidet

Legekrise kom fyrst

Vestad har fått i oppdrag frå RU å levere eit notat til deira neste møte, som oppsummering frå tilrådingane i evalueringa, og forslag til korleis dette skal handterast vidare. Krisa i legegruppa i Dovre gjorde at legane vart prioritert fyrst, sidan premissa for evalueringa endra seg.

- Jordmorgruppa vart kalla inn i går, og dei står overfor den same prosessen, fortel Vestad på mail onsdag.

FAKTA: Jordmorvakt-ordninga i Nord-Gudbrandsdalen er organisert under Lokalmedisinsk senter på Otta. Jordmødrene er tilsett i dei respektive kommunane, men jobbar i delt funksjon. Dei har 60 prosent i vaktordninga i turnus, og 40 prosent til svangerskapsomsorg i heimkommunen.

Evalueringa til 6K og Agenda Kaupang (konsulentverksemd innleigd for å evaluera helsesamarbeidet) er samanfallande, og går inn for å organisere alle i ein kommune for å utnytta ressursane betre.

NINA legger ikke skjul på at det er en belastning for rein å bli merket med GPS. Likevel er helikopter den mest skånsomme metoden. (Foto: Olav Strand/ NINA) Foto: Lokalavisa Vigga
Jordmødrene Kristine Lie, Dovre, Anne Marie Berstad, Vågå og Mariann Amundstad har sendt brev til sine respektive kommunalsjefar, der dei etterlyser medverknad. Brevet er underskrive også av dei to andre jordmødrene i regionen, Ellen Olasveen i Lom, og Henny Skarphol i Lesja. Foto: Lokalavisa Vigga
Leiar ved Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter, Vigdis Rotlid Vestad, ønskjer ikkje å gå inn i kritikken av leiarskapet. Foto: Lokalavisa Vigga