Dette året såg bra ut for potetene. Men det var før pinshelga. Somme åkrar fekk nokre timar under vatn, andre eit par dagar.

Ein firedel berga

- Vi har vel tre hundre mål til saman, seier Paal Romundgard.

Av desse er berre ein firedel berga. Romundgard sit på trucken klar til å køyre inn på felleslageret kasser dei ikkje vil få bruk for i haust.

På jordet til Kåre Simenstad  trassar nokre smågroer seg opp igjennom blautt jordsmonn attpå flaumen, utan at dei kan betre på statistikken.

- Blir det ei ny våronn her, eller?

- Enno vil det vel ta både ei veke og fjorten dagar før eg kjem utpå her med traktor. Då blir det å så grønfor, seier han.