- Ruta til barnetoga er gått opp, og tidsskjema er sett. Dovre, Folldal og Oppdal skal møtes i krysset, i den rekkefølga, og gli i "glidelåsformasjon" inn mot Hjerkinnhus, fortalde Knut Nytun (Sp), som presenterte programmet på vegne av komiteen.

- På høg tid

- Det var på høg tid med program, meinte Per Arnold Backe (H), og etterlyste informasjon mellom anna til hytteeigarar på Dovrefjell.

Johan Solli (Ap) ville ha greie på når informasjonen blir å finne på heimesidene til kommunen.

- Folk som er interesserte utanbygds vil orientera seg, men på sidene finn ein ingen ting, seier han.

Chartertog

- Usikkerheitsmomentet er framleis transport, vedgjekk Nytun.Det som er sikkert, er at buss og privatbil vil bli hovudtransportmåten. Behov for buss vil bli meldt inn til via skulane på SMS og epost, for å kunne bestille etter behov. Alle under 16 år i skule og barnehage vil få gratis skyss med buss, resten må betale 50 kroner, har ein bestemt.

- Så blir det spennande å sjå kor mykje foreldre som vil bli med buss, og kor mykje privatbilen vil bli brukt, seier Nytun.

Parkeringskapasiteten skal vera god, og det er lagt opp til parkering for folk med funksjonsnedsetting på Hjerkinn stasjon.

Totalt reknar arrangementkomiteen med at det blir rundt femti bussar, 15 frå Dovre, 30 frå Oppdal og seks frå Folldal.

Togtransport er framleis ei moglegheit for nokre, Øyvind Frich (medeigar Hjerkinnhus Hotell) har chartra plass på tog i samarbeid med NSB, og kan tilby 76 plassar frå Dombås, og 200 plassar frå Trondheim.