Norsk kulturminnefond har mange støtteordningar til restaurering av hus. Tysdag 23.september er det åpent møte for alle interesserte i kommunestyresalen på Lesja. Møtet er på dagtid.

- Kulturminnefondet har erfaring med at det er lettast å reffe flest mulig på dagtid, seier Ellen Marie Sørumgård Syse i Lesja kommune.

- I ei særstilling

- Nord-Gudbrandsdalen er i ei særstilling når det kjem til omfanget av gamle hus, særleg knytt til gardar. Dette er ein viktig del av kulturarven som vi må ta vare på, seier ordførar Steinar Tronhus.

Bakgrunnen for møtet er å gjere kjend dei støtteordningane Kulturminnefondet har, og det vil også vere representantar både frå Oppland fylkeskommune og Gudbrandsdalsmusea på plass.

- Vi veit det kan vere kostbart å ta vare på og setje i stand eldre trehusbebyggelse. Vi håper dette kan hjelpe, både når det kjem til planlegging og søkndadsutforming, seier Tronhus.

Hjelp og støtte

Tidlegare i år har Kulturminnefondet støtta tre prosjekt i Lesja, med til saman 550 000 kroner.

- Vi håper mange eigarar av gamle bygg og restaureringsprosjekt kjem. Her vil det vere mykje informasjon å hente. Søknadsfristen er 1.november, så dette er rett tid til å få hjelp og gode råd, seier Tronhus.

Det vil også vere hjelp å hente til utforming av søknad og til planlegging etter møtet.

- Dette er hjelp til å komme over bøygen med å sette i gang, sier Tronhus.

Kulturminnefondet støtta i fjor både store og små prosjekt med summar frå 40 000 til 500 000 kroner.

Favnar breidt

Dei er begge opptekne av at nokon må tenkje at deira hus sikkert ikkje kjem med på ordninga,eller at det sikkert ikkje er gamalt nok.

- Det er slik du kan spørje om denne dagen. Vi legg opp til at dette skal vere eit dialogmøte, og det er ikkje slik at du må søkje om du møter opp., seier Tronhus.

Syse seier Kulturminnefondet vil gje eksempel på prosjekt som har fått støtte.

- Det er ikkje så snevert som mange trur, seier ho.