Det var like bra oppmøte til sykkeldagen, som det plar å vera. Ei blanding av alle aldrar, frå dei i sykkelvogn og på trehjuling, til dei som stiller i veteranklassa.

Ny sportsgrein

Den einaste som kanskje var sakna, var sola. Litt surt og kaldt var det nemleg, men syklistane tok utfordringa, og med hanske- og buffbekledning gjekk det bra.

Nytt av året var ei ny, eller skal vi seie gamal, sportsgrein. Jeger- og fiskarforeninga var opptekne siste reinsjaktdagen, så i staden for luftgeværskyteng, var det jurklutkasting. Dommar og ansvarleg var Håvard Doseth, som instruerte nybyrjarar i jurklutkastarsporten.

Her kunne dei treffsikre få tre poeng, eit for kvart kast, om dei råka bytta med kluten.

Før kastinga var det kappsaging og naturstig, og avslutning med premieutdeling var som vanleg på Solheim. Her var det høve til å tine kalde sykkelfingrar ved grillane, ete vaflar og suppe, samt prøve seg ved lykkehjulet.