Tilflyttarprosjektet i Nord-Gudbrandsdal er ferdig. Vi er ikkje fleire enno, men netto tilflytting er i pluss. Så vidt.

I slutten av førre månad kom sluttrapporten for det treårige regionale tilflyttarprosjektet i Nord-Gudbrandsdalen. Hovudmålet til prosjektet var ” Å stabilisere utflytting og auke tilflyttinga til regionen. Netto tilflytting til regionen skal vera positiv innan 2010”.

Tilfeldige svingningar

På årstabellane i prosjektrapporten har pila i høve til måloppnåing peika rette vegen. I 2008 var netto tilflytting, det vil seie dei som flytte hit minus dei som flytte ut, i regionen på minus 77. I dei to etterfølgande åra er tala på positiv side med høvesvis 27 og 23 i pluss.

- Er dette tilfeldige svingningar eller er det prosjektet si skuld?

- Det er vel helst tilfeldige utslag. Men vi vonar at bevisstgjeringa i det offentlege apparatet har hatt effekt. Vi må lite på at fokus over så lang tid vil gje resultat, men at det skulle gje resultat etter så stutt tid ville vore rart, seier Lauvstad.