NRK hadde lenge varsla ein eigen app til slik bruk, men når den ikkje kom, tok programutviklaren frå Lesjaverk saka i eigne hender. Medan han var i pappaperm i fjor haust, vart appen til.

CV-materiale

Nettavisa Din Side skreiv ei omtale om NRK-appen førre veke, i ei sak som ligg på mest-lest statistikken deira. For Thøring betyr det ikkje noko økonomisk vinst. Appen er nemleg gratis for alle som vil laste den ned, og tek innhald rett frå NRK sine serverar.

- Eg tener jo ikkje på den, nei. Det blir heller noko ein kan bruka på CV'en , kanskje, seier Thøring.

Jobb som programutviklar har han hatt sidan studiane i informatikk ved NTNU i Trondheim var over for fire år sidan. No bur han med sambuar og dotter i Oslo.

Auke i bruken

Thøring er godt nøgd med mottakinga han har fått, og inne på forumet hardware.no får han attendemeldingar direkte frå brukarane. Her takkar mange han for appen, og gjev tommel opp, nokre får også hjelp av utviklaren sjølv til å få i den gang.

Sjølv hadde han ikkje tenkt på kor mange som ville bruke appen då han laga den, men han tykkjer det er bra med 1600 brukarar i løpet av ein månad. I følge DinSide.no var det presise talet 1638 unike brukarar i april månad. Etter omtala på nettavisa, har tala for mai allereie kome opp i 3500 brukarar ...

I andre enden

Eigentleg jobbar Marius Thøring med heilt anna programutvikling - i andre enden av skalaen frå applikasjonar til TV.

- Nett no jobbar eg med eit system for Oslo Lufthavn, til intern bruk der. Det er i kategorien back-end, altså ikkje noko som ein ser som brukar, forklarar han.

Det er ikkje så lett å samanlikne "App for NRK Nett-TV" med andre smartTV-appar. For mange brukarar kan det vera eit hinder å installera andre appar enn dei som ligg inne i tv-en, samstundes som den berre er laga for eitt tv-merke, så bruken vil uansett bli avgrensa, meiner utviklaren sjølv.

Dei fleste TV'ar som er seld no, er såkalla Smart-tv'ar. Dei har internettilgang og førehandsinstallert ei rekkje program som let brukaren sjå tv-program og seriar, samt innhald frå nett eller andre maskiner.