– Det er ein del arbeid for å få det til, seier Ola Trond medan han forklarar korleis dei ulike delane er samansveisa.
Unike kanonar
Kanonløpa er laga av eit gamalt munnladningsgevær, som Ola Jon kjøpte over telefon for nokre år sidan.
– Det var eit arabisk flintlåsgevær. De va jælma stygt, men e har god glede tå dæ nå, flirar Ola Jon.
Den fyrste kanonen laga Ola Trond på under eit døgn, og alle tre fungerar etter munnladningsprinsippet.
– Eg såg at han tegna skissa i hovudet sitt då eg forklarte han ideen min, seier Ola Jon.
Løpet til geværet er no delt i tre delar, som utgjer tre kanoner med fråspark. Derfor er det óg montert rekylfot for at dei skal stå i ro når ladninga blir fyrt av.
– Det er ingen som er like. Løpet er smidd for hand, og det er utruleg godt stål, seier Ola Trond.
Gamle skikker
Ola Jon har sidan skote inn både konfirmasjonar og andre arrangement. No ville han ha to til, så han får tre smell på ein gong.
– Det er berre for ha det løyle. Eg vil ta opp att den gamle skikken med å skyte jula inn, det var gjort før, seier Ola Jon.
Også ingeniøren minnest at det var andre skikkar, om enn nokre svært lokale.
– Eg minns Jørgen nabo, han kom til oss og ropte «kom, ska oss skote inn jule!». Han hadde ei ladning dynamitt oppi ei sinkbytte. Det var eit veldig smell som tok toppane av trea i nærleiken, skildrar Ola Trond.
Nøgd med smellet
Om det blir nokon serieproduksjon tvilar Ola Trond på. Etter prøveskytinga var begge to godt nøgd med resultata. Kanonene blir lada med ei og ei halv teskjei svartkrut, og papir som kule.
– Dette var ein bra salutt, sa Ola Jon.
FAKTA: Å skyte jula inn er ein tradisjon som forsvann dei fleste stader i Norge på midten av 1800-tallet. Det skulle helst fyrast av tre skot, eit ved stallen, eit ved stua og eit ved fjøset. Dette for å skremme trolla og dei onde maktene vekk, eller varsle folk lenger unna om at juleklokkene ringte inn. Etter at klokkene hadde ringt jula inn, skulle det være stillheit som ikkje skulle brytast.
(Kjelder: Per Holck: Merkedager og gamle skikker, wikipedia.no)