Tomme ampullar og brukte sprøytespissar låg strødd utover ved borda på rasteplassen ved Vålåsjøen på Dovrefjell.

- Vi sat og skulle drikke kaffe då eg vart var noko nedmed eine bordet. Dette er jo dopingmidlar, tenkte eg, fortel han.

Ampullane her inneheld stoff som nandrolon og testosteron.

Saman med naboen Olav Werner Grimsby reiste han opp att seinare på dagen for å ta bileta vi syner.

Han redda noko eksempel med til lensmannskontoret måndag.

- Rart å kaste frå seg slikt, det kunne no vore kasta i søppelkasser om ikkje anna. No vonar eg berrre at det blir rydda her av vegvesenet. Tenk om ungar kunne finne det, seier Kveen.

På lensmannskontoret har dei ikkje noko meir å gjera med saken. Men dei vil varsle Statens vegvesen slik at det kan bli renska opp på rasteplassen.

- Det er ikkje så mykje å få gjort med det. Dette kan vera gamalt, og det kan vera fra kven som helst. Men vi varslar vegvesenet om sprøytespissar og slikt, for det ligg nok att noko der, seier Arne Granlund på lensmannskontoret.

Han kan ikkje hugse at det har vore gjort dopingbeslag hjå nokon i Dovre.

- Det er større sannsynlegheit at det er nokon som har slengt det frå seg, seier han.

Reglane for dopingmidlar er omtala i straffelova §162b. Det er forbudt å omsetja og å ta inn i landet, medan bruk ikkje er straffbart etter lova.

- Men om ein er idrettsutøvar blir ein sjølsagt straffa gjennom idretten sine organ, seier Granlund.

Fakta:

Doping omhandlar bruk av preparat, substansar og prosedyrer som har til hensikt å gje prestasjonsfremjande effekt. Forbudte middel kan også vera brukt til vektendring for å koma innan ønskt vektklasse, eller for å maskere bruk av andre forbudte midlar eller metoder. Desse preparata, kalla dopingmidlar, er definert på idrettens liste over ulovlege medikament. Lista, kalla dopinglista, vert kontinuerleg endra og justert, og regulert av den internasjonale antidopingstiftinga WADA(World Anti-Doping Agency).

Nandrolon er eit steroid som fins naturleg i menneskekroppen. Som dopingpreparat blir det brukt for å auke styrke og muskelmasse. Nandrolon har lang halveringstid, og kan bli spora ved urintest opptil 18 månader etter bruk. Den lange halveringstida gjer at mange idrettsutøvere blir tekne for bruk av nandrolon. Den internasjonale olympiske komité har ei grense på 2 nanogram per milliliter av urin som øvre grense, og over denne blir utøvaren mistenkt for doping.

Kjelde: Wikipedia

Steinar Kveen og naboen Olav Werner Grimsby fann tomme ampullar med dopingmidlar ved Vålåsjøen. (Foto: Olav Werner Grimsby) Foto: Lokalavisa Vigga

Arne Granlund med litt av funna. Foto: Lokalavisa Vigga