Via ein ven av Sissel på facebook som hadde klikka på same linken, fekk Sissel denne beskjeden også.

- Det skader jo ikkje å prøve, så eg prøvde, seier Sissel.

Konkurransa gjekk ut på at Peugeoten, av typa 208, skulle køyre rundt i Norge. Der den var kl. 12.00 den 13. mai var det den som var nærmaste deltaker i konkurransen som vann bilen. På det klokkeslettet den datoen, passerte bilen fartsboksen ved Aurstad, og vips: Bilen var Sissel sin.

Henta den i Oppdal

Sissel fekk overrakt bilen i Oppdal på Prøven Bil AS. Det var stor stas den dagen, og Peugeot Norge kom sjølv og overrakte bilen.

Der fekk ho informasjon og innstruksar om bilen, før ho tok den over fjellet.

I bilen finns det bl.a touch-skjerm og bluetooth, så ho kan berre sette på musikken via telefonen sin.

- Enkelt og greit, seier Sissel.

Studerar i utlandet

Med ny bil på garden, er det ikkje noko problem for Sissel å koma seg hit og dit. Spørsmålet er om ho får bruk for bilen. Ho studerar nemleg i England. No er ho ferdig med sine tre år der, og er har fått bachelor i dyrevitenskap.

- Eg skal hvertfall køyre den i somar, ein må jo kose seg litt når ein fyrst har ny bil, seier Sissel og ler.

Etter somaren er ho ikkje sikker på kva ho skal gjere med den. Kanskje blir den seld, kanskje ikkje.