- Eg kjenner meg ikkje att i saka slik ho er framstilt i Dagbladet tysdag, seier ordførar Bengt Fasteraune (Sp) i Dovre kommune.

Fasteraune er svært opprørt over opplysningar som kom fram i Dagbladet tysdag, og etterkvart også andre medier, om uttaler varaordføraren i Dovre skal ha kome med. Settinga var i lukka sakshandsaming i formannskapsmøte for ei tid sidan. Ordføraren meiner teieplikta er broten.

Han meiner alt som kjem fram frå møtet heilt klart kjem inn under teiepliktige opplysningar.

- Direkte på teiepliktig informasjon

- Vi vurderer å melde teiepliktbrotet til Lensmannen, og eg vil prate med han om dette. Eg meiner det er så alvorleg fordi det så heilt klart berører to individ direkte, i mi verd er dette heilt unnateke offentlegheit, seier han.

Han er opprørt over det som har kome ut, og har kalla alle formannskapsmedlemmene inn på kontoret for å spørre om dei har kome med opplysningar frå møtet til utanforståande.

- Kven som har kome med opplysningane får bli opp til politiet å finna ut, seier ordføraren.

Han er mest oppteke av at møtet samrøystes vedtok å løyve midlar til tiltak, etter tilråding frå habiliteringstenesten og Dovre sine fagfolk.

- Det viktige for meg er at vi fekk på plass framtidsretta, gode løysingar, som skal gjeva ein god kvardag for dei det gjeld. Det er ikkje greitt at slike ting kjem ut, det er dette teieplikta er til for. Det råkar berre tredjeperson, seier han.

- Mitt på det turre

Øyvind Frich (Ap) sat som vara i det aktuelle formannskapsmøtet, og meiner han har sitt på det turre, når han kom ut med desse opplysningane.

Han meiner ikkje han har brote teieplikta i høve til dei to sakene, men har uttala seg om haldningar som kom fram i møtet.

- Eg har berre uttala meg om dei avskyelege haldningane til Backe, som eg meiner høyrer til på 30-40 talet, seier han.

Øyvind Frich vil gjerne at saka skal bli meldt til politiet, og meiner alle då må seie sanninga.

Han meiner også at ordføraren burde reagert på uttalene i møtet.

- Ordføraren kunne jo slått ned på uttalen i møtet, og det kunne sikkert vi også, bortsett frå å riste på hovudet, men eg meiner Backe har sagt noko han ikkje burde, seier Frich.

Usemje om retningsliner

Både ordførar Bengt Fasteraune og Øyvind Frich forheld seg til retningsliner utarbeidd av Kommunal- og regionaldepartementet (KRD), i eit rundskriv frå 2000, om teieplikt for folkevalde. Alle folkevalde i Dovre har skrive under på slik teieplikt. Diskusjonen dreier seg om kvar grensene går.

Ordlyden i er slik i rundskriv frå KRD (s.13, 5. avsnitt):

”At et møte går for lukkede dører medfører ikke i seg selv at folkevalgte får taushetsplikt om det som fremkommer på møtet. De folkevalgtes taushetsplikt vil følge av forvaltningsloven eller annen relevant lovbestemmelse. I tilfeller hvor dørene lukkes fordi taushetsbelagte opplysninger vil fremkomme i møtet, er det bare disse den folkevalgte har taushetsplikt om. I den grad det fremkommer opplysninger som ikke er underlagt taushetsplikt på et slikt møte, har den folkevalgte ikke taushetsplikt om disse.”

- Kjenner meg ikkje att

Per Arnold Backe (H) meiner Øyvind Frich (Ap) slår under beltestaden ved å bruke ei slik sak som politisk vendetta.

Varaordføraren i Dovre kjenner seg ikkje att i framstillinga som kom ut tysdag. Utover det ønskjer han ikkje å seie noko om kva som var sagt, fordi han meiner heile møtet dreia seg om teiepliktige ting.

Politisk spel

- Eg kjenner meg ikkje att. Og slike haldningar høyrer ikkje heime i 2012, dette med kastrering og institusjon, seier Backe tysdag denne veka.

- Institusjon sto det ingenting om i Dagbladet sitt oppslag?

- Nei, kanskje ikkje. Eg har hatt journalistar som har ringt meg frå alle stader, det kan vera ein av dei som har sagt det, seier Backe.

- Har Øyvind Frich funne på desse utsegnene?

- Eg kjenner meg i allefall ikkje att. På meg verkar det som det er eit politisk utspel, ein politisk vendetta, som råkar ein tredjepart, og det er under beltestaden, seier Backe.

Han framheld at resultatet frå formannskapsmøtet var ei løyving i tråd med tilrådingane frå fagfolka, og at det var samrøystes.

Avviser vendetta                                                                                                                                                                                                                                                       Øyvind Frich seier til Vigga at han ikkje kan forstå kva for grunn han skulle ha for ein politisk vendetta. Han meiner det har kome fram så mykje at det er heva over ei kvar tvil at Backe har kome med slike uttaler.

- Eg meiner det no er slik at dei brukar teieplikta som eit siste halmstrå for å dekke dei uttalene som er så groteske.Teieplikt på saken, ja, men ikkje på haldningane, som var sagt i fullt alvor. Det fell på si eiga urimelegheit.Eg har ingen grunn til å råke politisk, ser ikkje at det korkje har vore eller kjem saker som skulle føre til at eg skal ha grunn til å føre ein politisk vendetta mot Backe, seier Frich.

- Eg har mitt på det turre i høve til teieplikta, seier Øyvind Frich Foto: Lokalavisa Vigga