Under heile helga har han teke bilete under framsyningane og workshopane. Arbeidet han hadde gjort har tydeleg imponert dommarane, som sende han vidare.

Vidare som fotograf

Håkon Norén stilte også i kunstklassa med eit fotografi og ein film, men gjekk ikkje vidare med det.

Likevel er han nøgd med å gå vidare i nettredaksjon. I Trondheim blir det mykje av det same, med å ta bilete under heile opplegget UKM har under landsmønstringa.

- Eg er sjølvlærd, og har foto berre som hobby, seier ein nøgd Håkon etter avslutningskonserten med Gatas Parlament og kunngjeringa om kven som gjekk vidare.

- Eg føler eigentleg at eg har nådd målet mitt, men det blir utruleg artig å få reise til Trondheim på landsmønstring, legg han til.

Til vanleg studerer han ved Hjerleid videregåande skule på studiespesialisering.

Nye programleiarar

Under helgas UKM, var det sett i gang fleire workshops, eller verkstader, for ulike kulturuttrykk. Lesjingane Øyvind Holsbrekken (15), Sivert Heidsve (16) og Mina Ødegård (16) var med Vera Michaelsen i programleiing-verkstaden.

Det var eit intenst arbeid som gjekk føre seg fredag 21. april. Berre ein time før første framsyning hadde dei ikkje fått ordna alle lappane enda. Med litt intens ide-myldring og super-rask skriving gjekk det likevel bra for dei unge programleiarane.

Mange uttrykk

Dei unge programleiarane var også med i konkurransa med å gå vidare til landsmønstringa.

- Vi tykkjer det er artig og spennande, men også skremmande å stå på scena framfor så mange folk, seier dei.

Det er forfattar, foredragshaldar og programleiar Vera Michaelsen frå NRK som skal lære ungdommane å vere konferansierar, og som følgjer dei undervegs heile helga.

Også andre verkstader gjekk under helgas UKM.

I eit rom hadde Gatas Parlament opplæring i rap, det var graffitiverkstad for kunstnarane, nett-redaksjon og dans.

Det var tydeleg at ikkje deltakerar og lærarar låg på latsida i helga. Det var full fres og hardt arbeid heile tida, og alt såg ut til å gå kjempeflott.

Etter avsluttingskonserten med Gatas Parlament sundag og kunngjeringane på kven som gjekk vidare til landsmønstringa, var det mange glade ungdommar å sjå.

Håkon Norén frå Lesja, som gjekk vidare i nettredaksjon var kjempeglad for å ha kome vidare.

- Det er morosamt at vi har dette tilbudet, og at det blir lagt til dalen vår, seier han.

Ottahallen var full av dansejenter. Nokre jenter frå Lesja og Dovre kulturskule var også med her, men gjekk ikkje vidare til landsmønstringa. Foto: Lokalavisa Vigga
Sivert Heidsve (16, frå Lesja) og Marie Vaagaasar (17, frå Lom). Foto: Lokalavisa Vigga
(F.v.) Øyvind Holsbrekken (15), Sivert Heidsve (16), Marie Vaagaasar (17) og Mina Ødegård (16) vart opplærde i programleiing av forfattar, foredragshaldar og programleiar Vera Michaelsen. Foto: Lokalavisa Vigga
Håkon Norén (16) frå Lesja gjekk vidare til landsmønstringa. Han var med i klassa nettredaksjon og tok bilete heile helga. Foto: Lokalavisa Vigga