Forestillinga er ei storsatsing av The Great Pretenders ungdomsteater, som held jubileumsforestilling i høve teatret sitt 10-årsjubileum. Martin har siste året gått på Romerike folkehøgskule, som fagleg er sterkt retta mot musikk og teater. Han har ei svært hektisk tid no, med prøver på Hamlet på dagtid og ei rolle i Kristin Lavransdatter om kvelden. Hamlet blir sett opp på Otta kulturhus i september.

Prøver på Teaterhøgskulen

Det unge talentet skal vera eitt år heime for å spare seg opp pengar til vidare utdanning.

– Etter planen skal eg prøve meg på opptak til teaterhøgskulen neste år. Romerike var eit heilt fantastisk år. Eg har lært så utruleg mykje, og det er veldig stas å koma på heimebane og få prøvd ut det eg har lært, seier han.

Marie og Marie

Det er Marie Othilie Hundevadt frå Dovre og Marie Nikazm Bakken frå Otta som er regissørar.

– Vi starta opp for ti år sidan med Macbeth. Sidan da har vi ikkje spelt Shakespeare, men sidan det er jubileum var det på sin plass att, seier Hundevadt.

Ho fortel at det er ei svært krevjande og heftig rolle Flatmoen har fått.

I tillegg til hovudrolleinnehavaren er det fleire aktørar frå vårt område. Ingvild Vole Angård, Marianne Angård og Sofie Huijs er også med.

– Og så har vi ein eigen kostymemakar her, frå Gausdal. Fredrik Floen sit og syr medan prøvene pågår. Så vi har fått med oss mange flinke folk, sjølve kremen, seier ein glad regissør.

For fire år sidan fortalde ein ung dovring at han var fast bestemt på å bli skodespelar. No er han på god veg. Eit samantreff at han poserte som Hamlet den gong. (ARKIV/Anne Marie Aa) Foto: Lokalavisa Vigga