- Avgjerdsla er gjort etter ei samla vurdering, i ei runde der mange andre gode kandidatar var med. Ein av dei tyngste grunnane til at dei fekk det er at dei har drive Skogadalsbøen godt, ei av dei mest tungdrivne hyttene i DNT-systemet, i følge Jan Erik Reiten i DNT Oslo og omegn, som eig både Skogadalsbøen og Snøheim.
Gler seg
- Kva er reaksjonen no med det same?
- Vi har vore nokså avslappa, men ein veit ikkje med 17 andre søknader. Ein veit ikkje kven det er, anna enn at det er mange flinke folk med mykje erfaring frå slik drift, seier Kjell Hjellødegård.
Han og kona Marit er spent, og gler seg.
- Det skal bli artig å opne opp att både hytta og fjellområdet for folk etter det har vore stengt i så lang tid, utfordringa er at det blir å byrje frå botnen. Det fins ikkje noko slags talmateriale å halde seg til, i og med at hytta berre har vore drive i tre år før forsvaret overtok, seier han.
Les meir i papirutgåva av VIGGA torsdag 10. november.