Eit kvarter over midnatt får politiet melding om at ein 18 år gamal mann har gått berserk på ei utleigehytte knytt til hotellet.

Munnleg pålegg

Politiet sendte ut patrulje til staden, og dei tilstadeverande var då litt usamde om kva som hadde gått føre seg. Den mistenkte fekk difor eit munnleg pålegg, før politiet forlet staden. Det står ikkje noko i loggen om skadeverk.

Litt seinare på natta, ved tretida, får politiet nok ein gong melding frå Bjorli.

- Ei gruppe ungdommar frå Ålesund er på russetreff på Bjorli, og har leigd hytte. Dei melder om at dei har fått besøk av uønskte gjestar, som ikkje vil gå, melder operasjonsleiar Jon Wilberg ved Gudbrandsdal politidistrikt.

Litt seinare kjem ei ny melding, om at det er slåsskamp mellom åtte lokale menn og russ. Dette blir ordna opp i frå innleigde vakter ved hotellet.

Det har så langt ikkje anmeldt noko til politiet.