Som første lokale kvinne vart Tora Berger i helga heidra med Pillarguriprisen for innsatsen i skiskyttersporet. Lesjajenta kvitterte med å syne fram gullmedalja frå OL i Vancouver for eit fullsett Otta Kulturhus.
- Prisen går til ei norsk kvinne som har utmerka seg i det biletet vi har danna oss av Pillarguri, nemleg som sterk, profilert og modig, sa selsordførar Dag Erik Pryhn da han delte ut prisen til den 15.vinnaren i rekka. Smilande fortalte Pryhn om korleis norddølane har trykka Tora til sitt bryst, og at han i ordførerkollegiet har merka at det er kamp om gulljenta frå Lesja.