Det fyrste tok han i desember 2013, då i treskjærarfaget. Til svenneprøva fredag hadde han snekra ein gedigen pult, med plate og sidevang i alm, solidt og presist samansinka i hjørnet. På andre enden ein stram bjørkefot, og under pultplata to stramme skuffer - hengande under med beslag mellom, som ein kontrast til alma.

Får skryt

- Eg har freista å få med mange ulike element, for å vise kva eg kan. Visse element skal vera med, som skuffer med sinking på gamlemåten. Almeplanken bestemte forma i stor grad; i tillegg måtte eg endre den litt undervegs, fordi treet ikkje var heilt bra, seier han.

Alma kjem frå ein allé i Oslo, fortel han. Almesjuke, ein sjukdom som smittar frå tre til tre, har gjort at mange slike tre har vorte felt, og slik sett er materialet lett å få tak i.

Samanføyingsteknikkar som gradspor, tapping og sinking er alle brukt på svennestykket. I tillegg har Andreassen også laga bjørkefiner, og sett det saman med heiltre bjørk, i skuffedelen. Finishen er det heller ikkje noko å seie på.

Møbelsnekker Kjersti Jacobsen, som driv Bekken snekkerverksted på Otta, var til stades for å sjå på pulten, og for å gratulere sveinen.

- Det er både sans og evner her, slår ho fast.

Med eit kunnig auge tek ho ut ei av dei forseggjort sinka skuffene, og ser inni.

- Like fint her inni, ser du. Det krev mykje pågangsmot for å gå på noko slik, seier ho anerkjennande.

Sensorar for fagprøva, er Arne Rudningen frå Dovre og Bjørn Teigen frå Lom.