For sjuande gong samla handverkarar frå heile landet seg til treseminar på Dovre, denne gongen til ein vill ide frå i fjor om reising av eit stavbygg.

Steinar Moldal ved Senter for bygdekultur leia saman med Jon Bojer Godal, Henning Olstad og Arild Bjarkø konstruksjonen av eit stavbygg ved Bygningshistorisk park på Dovre i helga og med forkurs i veka før. Bygget vart reist på seks dagar, og er ein nedskalert kopi av Haltdalen stavkyrkje.

Handboren kunnskap

- Dette gjev oss kunnskap om korleis desse bygga var bygd.Om vi hadde hatt midlar til forsking og utvikling kunne vi sagt det var slik det var gjort. Men handverksforskning er det ikkje mange som har tru på, seier Moldal, som meiner denne typa handverksforsking burde vore lagt vekt på for å få kunnskap nok til å redde dei 1600 kyrkjene i til dels dårleg forfatning kringom i landet.

Rundt seksti handverkarar var med på stavbygget, medan omtrent like mange fordelte seg på kurs i tørrmuring, smiing, høvelmaking, korgfletting og sveiping.

Unge spikkarar

For ungar frå ti til 13 år var det også kurs i bygningshistorisk park, der deltok 14 ungar med liv og lyst. Rått tre er materialet på spikkekurs, og ungane fann sjølve emna dei ville bruke i skogen nedanfor. Då vi kom forbi hadde alle laga seg blyant, og var i gang med nye prosjekt.

Bjørner Bakken(ni år) frå Rånå var sikker på at han ville vera med på kurset då han fekk lapp på skulen.

- Eg ville lære enno meir om korleis ein spikkar, og eg har lært litt om korleis ein kan lage for eksempel ein blyant. Dette skal bli ei purkefele, fortel han.