Dermed er Tora Berger si eventyrlege karriere som toppidrettsutøver over, og Lesjajenta kan kanskje få litt meir tid til jaktturar heime i Lesja.

Sjølv om det  ikkje vart ei avslutning med verdscupsiger, slik Tora låg godt an til før start, så vart det ei verdig avslutning, og tydeleg også vemodig for Tora. Tilslutt vart det ein 14. plass, etter at Berger gjekk opp fem plassar frå siste skyting. Det vart ikkje fullt hus på nokon av dei fire skytingane til Tora på fellesstarten.

Kaisa Mäkärainen gjekk inn til ein sjuandeplass, og vann dermed verdscupen.

Tora Berger gjev seg etter å ha fått med seg to gull, to sølv og ei bronse frå OL. Åtte gull, fem sølv og fem bronse frå VM. 28 verdenscupsigrar og éin totalsiger i verdscupen.