Det er 11. gongen i år at seminaret er arrangert ved skulemiljøet Hjerleid på Dovre, og allereie fyrste dagen ein opna for påmeldingar, var 35 deltakarar på plass.

Det kjem fram av ei pressemelding studieforbundet har sendt ut.

- TREseminaret fyller eit behov for ein fagleg og sosial møteplass for handverkarar og andre som har tradisjonsbasert trearbeid som levebrød, eller interessefelt. Vi vonar å oppnå dette gjennom praktiske kurs, i kombinasjon med faglege foredrag, seier prosjektleiar for seminaret, Linda Aaboen, i Studieforbundet Kultur og Tradisjon.

Det er heller ikkje berre tre som er tema under seminaret. Også tørrmuring og smiing er eit tilbod i år, i tillegg til lafting, tægerarbeid, treskomaking og anna.

TREseminaret er et samarbeid mellom Senter for bygdekultur, Handverksskolen, Dovre handverkssenter, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.