Prisen, som no er på heile 200 000 kroner, går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.

Frå og med i år blir prisen delt ut berre annakvart år, og prispotten blir som følgje av denne endringa dobla. Vinnaren av «Årets nynorskkommune 2022» vil difor få med seg heile 200 000 kroner. No blir det dobbelt så mykje nynorsk for pengane!

Alle som er nøgde med nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, kan føreslå ein kandidat til prisen.

Det er fullt mogeleg å nominere kommunar og fylkeskommunar som har vore med i tevlinga før.

Språknøytrale kommunar og fylkeskommunar kan òg nominerast.

Fristen for å nominere kommunar og fylkeskommunar er 20. september 2022.