Det er Vågå kommune som melder at Slådalsvegen etter planen blir opna fredag 2. juni.

Slådalsvegen er ein cirka 32 kilometer lang sommaropen bomveg mellom Lesja og Vågåmo. Grusvegen er eigd og drifta av kommunane Lesja og Vågå.

Slådalsvegen er viktig for grunneigarar, seterbrukarar og hyttefolk, men også mange andre vegfarande køyrer det mange kallar for «sin hemmelege veg» eller «panoramavegen».

Fordelt på båe sider vart det i fjor registrert til saman 15.879 bompasseringar på Slådalsvegen, fordelt på trafikantar med grunneigarkort, bombrikker og betaling med kort.