I forrige uke omtalte Vigga «namneforvirring 2014 meter over havet», der toppen Gråhø i Reinheimen har fått skilt med Mølmshøe på toppen. Den er også kjent som Søre Lyfthøe, berre «2014» eller Nørdre Løftingshøe.

Ifølge Kartverket er det ikkje registrert nokon namnesak om Mølmshøe. Namnet er ukjent for dei.

Uro kring rett namn

– Gråhø ligg som godkjend skrivemåte, og Løyfthøin som ein foreslått skrivemåte i sentralt stadsnamnregister. Ingen av dei står på kartet, mest truleg fordi det er såpass stor uro om kva som er det rette namnet på toppen, forklarar Per Anders Bjørklund, kommunikasjonsrådgjevar i Kartverket.

Ansvaret for namnsetting ligg hjå kommuna, og Kartverket vil kontakte Lesja kommune med spørsmål om kva som er rett namn på toppen.

Ansvar for navnsetting ligg hjå kommunen. Kartverket er vedtaksmyndigheit for skrivemåten på naturlokalitetar. Prosessen for fastsetting av skrivemåte går fyrst frå kommuna, som får namneforslaget på høyring. Etter høyringsfristen går forslaget til Språkrådet, for tilråding av skrivemåte. Frå der går forslaget til Kartverket, som gjer vedtak, og så blir det registrert i Sentralt stadnamnregister (SSR).

Ikkje sak om namnsetting

Lesja kommune har ikkje kjennskap til namnet Mølmshøe, anna enn det som har vore omtalt i Vigga.

– Det har ikkje vore teke opp som sak å få namnsett denne toppen tidlegare. Sist eg kjenner til, var da Kartverket ajourførte M50 (1:50 000) serien i området i 1995. Det var ingen som hadde namn på denne høa da heller, men at den slik sett berre er kalla 2014, fortel Ola Erik Mølmen i forvaltning- og utviklingsavdelinga i Lesja kommune.

Ifølge Mølmen var det ingen kjentfolk som hadde namn på høa, anna enn at den høyrde til Gråhø eller Løfthøene.

– Då var det ikkje aktuelt å sette namn på denne toppen. På desse karta er det høa ved sida av som er namna Gråhøe, slik det sto tidlegare, opplysar han.

Vi lurar enno på kven som har sett opp skiltet med Mølmshøe, og historia bak det nygjevne namnet. Om du veit noko om saka, ta kontakt på tlf. 47 61 91 45, eller maria@vigga.no.