Det er 150 000 kroner frå referansegruppa for Bjorli mot 2020 som skal brukast til å gje Bjorli eit løft.

Oppyntinga i sentrum er allereie i gang. Det er mura nytt blomsterbed utanfor Bjorli handelshus, og det skal plasseres 15 blomsterurner rundt i sentrum.

- I tillegg bli det nye utebord, søppelstativ og sykkelstativ. Vi vil også bruke pengar på ei vaktmestertjeneste i sentrum i sommer, fortel Hildegunn Brøste og Laila Brøste.

Det er området frå Bjorliheimen til Bøvra og Bjorli stasjon som er prioritert.

- Det er viktig både for fastbuande, hyttefolk, turistar at det ser triveleg ut på Bjorli, seier Laila.