I år er det 30 år sidan den fyrste UKM-mønstringa, og ein av arrangørane i Nord-Gudbrandsdalen er Trond Tynnøl (15) frå Lesja. Saman med fire andre jevnaldrande ungdommar frå nabokommunane skal han halde mønstring for over 250 unge talent på Otta kulturhus i februar.

– Tanken er at vi skal gjere mykje av jobben sjølve, seier Trond.

Kulturkonsulentane i kommunene er med i styringsgruppa, og er med både før og under arrangement. Meininga er at ungdommar gradvis skal ta over det meste av arrangementsarbeidet.

Ljos og lyd

Han er ikkje ukjend med å stå bak spakane på kulturarrangement frå før. På revyen på Friheim, konsertar og liknande arrangement har han styrt både ljos og lyd.

– Arbeidet med UKM blir meir planlegging. Vi jobbar med blant anna markedsføring, skaffe sponsorar, budsjett og rett å slett få folk til å delta, forklarar han.

Det er mykje arbeid i forkant av og under mønstringshelga den 6.-7. februar. I tillegg styrar Trond ljoset på revyen på Friheim som har premiere i slutten av januar.

– Januar blir travel, det blir godt når den er ferdig, smilar den engasjerte guten.

Digital kommunikasjon

Han beskriv UKM som ei fin sjanse til å bli kjend med andre jevnaldrande på tvers av kommunegrensane. Då dei søkte etter ungdommer til å arrangere mønstringa meldte Trond seg frivillig. Arrangørgruppa består av Eirin Flaten fra Skjåk, Anna Øihusom fra Sel, Ane Holen Lorentzen frå Vågå og Julie Garmo frå Lom.

Og til trass for lange avstander, er ikkje kommunikasjon dei i mellom noko problem.

– Vi har telefonmøter på Skype, og opplev at vi då jobber meir effektivt når vi fyrst møtes, forklarer Trond.

Jubileum

Påmeldingsfristen til UKM er allereie måndag 12. januar. Sjølv vonar Trond flest mogleg meldar seg på.

– At det er 30-årsjubileum er ein prestasjon i seg sjølv. Det hadde vore veldig fint å få flest mogleg deltakarar, for å vise breidda av kulturen i norddalen. Det er noko av det vi er flinke med, seier han.

Og for dei som kanskje er nervøse for å stå på scena, trøstar Trond med at det er mest artig. Han har sjølv vore med på UKM tre gonger før, med barnerevyen på Lesja.

– Det er meir artig enn skummelt. Det er berre å kaste seg ut i det, så går det veldig fint, seier han.

Springbrett vidare

Han beskriv UKM som eit mogleg springbrett vidare, for dei som har ein liten artist, kunstnar, skodespelar, eller til og med skribent i magen.

– Fleire etablerte artistar starta med UKM, blant anna Odd Nordstoga, fortel han.

– Trur du Nordstoga var nervøs før han skulle opptre?

– Ja, eg reknar med han var like nervøs som alle andre, smilar Trond.

Frå lokalmønstringa kan ein kvalifisere seg vidare til fylkesmønstringa, og så til landsfestivalen.

– Det er mange flinke som ikkje kjem vidare til fylkesmønstringa, det er eit høgt nivå. UKM er ei sjanse til å få konstruktiv kritikk frå fagpersonar, alle får tilbakemelding dei har opptredd. For mange er det den årlege sjansen til å vise kva ein er god for, seier Trond.