Sidan etableringa av Tesla sine hurtigladarar i fjor, har det vore arbeidd med å etablera ladepunkt også for andre biltyper, og no har Dovre kommune, som grunneigar, skrive under ei avtale med utbyggar Ishavsveien AS.

Fylle batteriet før Dovrefjell

Dagleg leiar og styreleiar i Ishavsveien Karien Finne, seier at ladepunkta vil vera tilgjengelege for alle typar elbilar, som hurtigladarar.

- Alle skal kunne lade til 80 prosent batterinivå på eit kvarter til tjue minutt, seier Finne.

Det ligg an til å bli eit stramt tidsskjema for etableringa, som må skje etter at Transnova eventuelt løyver midlar i august. Søknadsfristen er i slutten av inneverande månad, og der ligg også fleire hurtigladestasjonar i nærleiken inne i planane.

Avtala med Dovre kommune blir automatisk oppheva dersom stasjonen ikkje er ferdig til 31.12. i år.

Lang leveringstid

Som Vigga har skrive om tidlegare, hadde Ishavsveien også inne søknad i fjor, om same etablering. Då vart løyvinga trekt attende fordi ein ville vente på ny strategipan for hurtigladestasjonar og kva infrastruktur som er ønskjeleg. Den nye strategiplana ligg ute til høyring no.

I følge Marie Frogner, som har prosjektleiinga på prosjektet, er det ikkje noko i den plana som skulle tilseie at dei ikkje får innvilga søknaden sin.

- Ambisjonen vår er å få til denne stasjonen så fort det let seg gjera, seier Frogner.

Når søknaden er innvilga, kan infrastruktur og grunnarbeid gjerast ferdig i løpet av bestillingstida slike ladarar har, nemleg 8 til 12 veker. Ladarane, to i talet, vil innehalde tre ulike teknologiar, slik at ein dekkjer alle bilar med hurtiglademoglegheiter på marknaden.