Alvorlege regelbrot førte til at eitt foretak og sju sjåførar vart meldt til politiet av Statens vegvesen.

Tre lokale

Av dei 11 verksemdene høyrer tre av dei til i Dovre og Lesja.

- Ingen av desse verksemdene er politimeldt. Dei har kun mindre alvorlege brot på køyre-og kviletidsreglane, slik som nokre minutt for kort pause eller døgnkvile, seier Thor Ringstad i Statens vegvesen.

Til saman vart det registrert 186 brot på regelverket.

– Det er svært alvorleg at dei som tener pengar på å transportere menneske og gods, gamblar med trafikktryggleiken på denne måten, seier fagleiar Thor Ringstad i Statens vegvesen.

Får tips frå publikum

Vegvesenet går kvart år igjennom køyre- og kviletidsdata til nokre transportbedrifter, for å undersøke at reglane blir følgd. Tips frå publikum, eller tilhøve som blir avdekt under kontrollar langs vegane, er hovudårsakene til at enkelte verksemder blir kontrollert nærare av Statens vegvesen.

Ringstad seier at alle bedriftene dei har vore inne i får attendemelding frå vegvesenet om å følgje opp, men at det ikkje blir gjort noko meire enn det, i dei tilfella der ein ikkje ser eit mønster av uregelmessigheiter.

- Dersom det er tale om trafikkfarlege ting, går vi vidare med politimelding, seier Ringstad.

Han understrekar at den viktigste grunnen til at dei gjør dette, er at sjåfører som ikkje følgjer desse reglane utgjer

ei fare i trafikken. Det er svært viktig at den som sit bak rattet på eit stort og tungt køyrety

er opplagt og oppmerksam, seier Ringstad.