- Allereie no er ombygginga i gang, og påsketrafikken skal kunne nyte godt av fleire kundetoalett, meir kassekapasitet og ein plass å setja seg ned, fortel franchisetakar Eistein Hegge, som eig drifta på Statoil Dombås.

Kø til pumpene

Dagleg leiar Ingunn Voll og assisterande dagleg leiar Victor Nylén har allereie fått inn snekkarar og rørleggarfirma, som legg til rette for alt det nye. Bygget blir ikkje endra utvendig, men utvida inn i det som tidlegare var verkstad, og no fungerer som lager.

- Om sommaren hender det at toalettkøen står heilt ut til pumpene, og det er klart det skal bli enklare og betre for kundane, seier Nylén.

Lesja rør er på plass, og legg røyropplegg for dei nye kundetoaletta.

Tak, veggar, interiør - alt blir nytt. Heilt nytt blir det også med ei sitteavdeling, som skal inn.

Tett ved E6

Hegge fortel at investeringa blir delt likt mellom han og huseigar Statoil Fuel og Retail. Ombygginga er styrt av kjeda, og tilsvarande pågår i bensinstasjonar over heile landet.

- Samstundes har det også samanheng med omsetningstal, verksemda har nådd eit tak i så måte, og må utvide for å få utnytta den store trafikken, særleg i sommarmånadene, fortel han.

Han tenkjer også på at Dombås blir ein av få bensinstasjonar, som framleis blir liggande heilt inntil E6, når den er ferdig utbygd gjennom Gudbrandsdalen.

For dei som jobbar her blir det også eit betre fysisk arbeidsmiljø, med nytt pauserom, personaltoalett og kontor. I dag er talet på arbeidstakarar omlag 15 personar, i ulike stillingsbrøkar.