Framsyninga 'the Gamer' er stelt i stand i sin heilskap av avgangsklassa ved Lesja skule, og torsdag kveld er det klart for foreldre og alle andre interesserte.

Musikkprosjekt

Ein sniktitt vart Vigga til del under visninga for dei andre elevane på skulen på dagen, torsdag.

Framsyninga heiter The Gamer, og handlar om ein gut som spelar altfor mykje dataspel. På ein humoristisk og mangfaldig måte (verkemidla spenner frå lyd, ljos, dataredigering og scenografi) får dei fram problemstillingar knytt til dette på ein framifrå og lokalt vinkla måte.

Lærar Arne Bakken fortel at musikkprosjektet starta i fjor haust, men at dei ikkje vart ferdige då. Dagane etter eksamen var passande rolege å bruke, og Bakken fekk 'låne' elevane frå andre kolleger, slik at dei har brukt alle dagane denne veka til finpuss.

Ein av dei overordna ideane bak ei slik framsyning, fortel Bakken er å syne elevane kva som skal til for å få noko til, anten det er å stable eit kor på beina, eller å halde i gang eit korps.

- Ungdommane lærer mykje om at ting ikkje kjem av seg sjølv, og innblikket gjer forhåpentlegvis at dei seinare vil bidra og ta eit tak sjølve, seier han.

Avgangsklassene har hatt slike musikkprosjekt i fem eller seks år no, fortel Bakken.