Sæther var på toppen i byrjinga av juli, og posta spørsmål om namnet på nettstaden fjellforum.no. Han beskriv at toppen er namnlaus på eine kartet hans, og heiter Gråhøe på eit anna kart. Då han kom på toppen, var det eit skiferskilt med «Mølmshøe 2014 m.o.h.».

Statens kartverk omtalar høa som Gråhø, men Vigga kjenner til at ho og er kjend som Lyfthøa blant lesjingar.

Vigga lurar på kven som har sett opp skiltet, og historia bak det nygjevne namnet. Om du veit noko om saka, ta kontakt på tlf. 47 61 91 45, eller maria@vigga.no.