Lesjaordførar Steinar Tronhus og varaordførar Per Arnold Backe frå Dovre, har stor tru på at prosjektet dei har sett i sving blir bra. Fyrst skal ein prøveproduksjon i gang, slik at arbeidsoppgåver er klare til deltakarane i varig tilrettelagt arbeid får att arbeidet sitt.

126 ulike garasjar

I bygget, som Lesja og Dovre no eig i lag,  har ein allereie sett i gang med førebuingar for produksjonen av garasjeelement.

- Vi vonar det skal bli ein prøveproduksjon til Maxbo så fort som råd, seier Roger Elsrud, som er i gang med å setje opp arbeidsbord til montering av garasjeelement. Det blir truleg naudsynt å ta inn folk ganske snart.

Heile 126 garasjevariantar skal det vera råd å få til av elementa som skal produserast her. Seksjonar til ettermarknaden på Giax-porten kan også bli aktuelt. Men sjølve Maxbo-garasjen skal ha ståldør ...

Garasjeproduksjonen skal skje i samarbeid med Nygaard Byggsystemer, som har på plass kontakt med byggevarekjeda Maxbo.

I løpet av våren vonar ein å få på plass alle arbeidsplassane, også tilbodet om VTA. Kor mange VTA-plassar det kan bli , er opp til NAV- Oppland, og deira rammer. Tidlegare har det vore sett eit tak på opp mot ni plassar for Dovre og Lesja til saman.

Monteringsbordet for garasjeelement er snart klart, og Roger Elsrud er nytilsett prosjektleiar for den nye verksemda. Foto: Lokalavisa Vigga