Å  huste, eller kaste,  på stikka er ein gamal leik. Orda som er brukt -  huste, ringle, kaupa - tyder også på det. Vi har fått gode tips om korleis det vart spela i Dovre på femtitalet, og freistar å ta med hovuddelen av reglane her.

Stikke eller kniv

Den gongen spela ein helst med store femøringar. No kan ein kanskje bruke kroner? Ei stikke (eller ein kniv - om ikkje ein ny, skarp) blir sett i bakken, og ein strek teikna på bakken frå passe hald. Passe hald blir litt etter kven som spelar, ferdigheiter og alder.

Fyrstemann styrer kaupa

Kvar spelar kastar, eller hustar, ein mynt, til alle har kasta. Då er spelet i gang.

Den som er nærast stikka blir ansvarleg for kaupa, eller banken.

Den som har husta så han ligg sist, altså lengst frå stikka, får tilbod om å kjøpe seg kast. Dersom han ikkje vil kjøpe fleire hust, går hans hust inn i kaupa.

Kjøpe hust

På Dovre på femtitalet kosta eitt hust fem øre, så hadde ein fleire pengar, kunne ein satse på å gå seg opp i feltet.

Nye hust vart betalt til kaupa, og alle hust som havna bak dei andre, vart plukka opp att til kaupa.

Den som låg sist hadde heile tida valet mellom å gje seg, eller å satse meir. Hadde ein ikkje att femøringar, kunne ein kjøpe av kaupa. Spelet heldt fram, til alle bak nummer ein hadde gjeve seg.

Ringle kaupa

Spelet kunne ta lang tid, fyrsteplassen kunne bli bytt på, og kaupa kunne bli stor etterkvart.

Til slutt kom finala, då skulle ein ringle kaupa.

Ansvarleg for kaupa, skal då halde denne i  nevane, riste eit par gonger, og kaste opp i lufta medan han seier "kron" eller "mynt". Seier han kron, vinn han alle myntane som ligg med kron opp.

Ein held fram til nestemann, som ringlar alle myntane som er att, og så vidare til neste.  Er det framleis att etter sistemann, ringlar ein frå toppen på nytt, til det er tomt.

Eigentleg skal ein stå ganske opprett når ein hustar, men reglane er litt lemplege for dei som er litt mindre. Foto: Lokalavisa Vigga
Alle har kasta fyrste hust, no er spelet i gang. Foto: Lokalavisa Vigga
Kven er nærast, og skal styre kaupa? Foto: Lokalavisa Vigga